Ei gåve med meining
Det å reparere ting du er glad i, gjev i mange høve ei større glede enn å kjøpe noko nytt. Når du i tillegg veit at det er rimlegare å reparere enn å kjøpe nytt, og du i same slengen bidreg til å ta vare på naturen og klimaet, er dette ei gåve med meining.
Me i Sogneprodukt har mange flittige hender som kan hjelpe deg på vegen med å blåse liv att i noko du
har liggjande som treng pleie og omsut. Me har rammeri, tekstilavdelingar, vaskeri, kreativ kommunikasjon, treverkstader, mekaniske avdelingar og omtrekking av møblar.
Me er ei arbeids- og inkluderingsbedrift langs Sognefjorden som jobbar kvar dag med å gje folk ein trygg, god og meiningsfull arbeidskvardag. Med andre ord, eit reperasjonsgåvekort kjøpt hjå oss er som eit stort kinderegg som slår postivt ut på viktige område i tida me lever i.