Sogneprodukt si historie

Sogneprodukt - offisielt opna 21. oktober 1976

Arbeidsdirektør Reidar Danielsen stod for den offisielle opninga. Her overrekker han ein nøkkel til den første styreformannen, Guttorm Holstad.

Arbeidsdirektør Reidar Danielsen stod for den offisielle opninga. Her overrekker han ein nøkkel til den første styreformannen, Guttorm Holstad.

No var tanken om arbeid for dei som ikkje var i stand til å konkurrere om arbeidsplassane i det ordinære arbeidslivet realisert i Sogn. Alt i 1972 hadde Arbeidsdirektoratet gitt tilsegn om at Sogn skulle få si eiga verna verksemd og at den skulle etablerast i Vik. Her kan du lese meir om bakgrunnen for etableringa.

Yrkesretta attføring

Yrkesretta attføring har i Noreg vore konsentrert om å hjelpa dei yrkesvalhemma til eit rett yrkesval og kvalifiserande tiltak. Målet er at dei kan gjera ein fullverdig innsats i ordinære stillingar i offentleg eller privat verksemd. Arbeidssøkjarar som ikkje er konkurransedyktige på den opne arbeidsmarknaden, og som ønskjer inntektsgivande arbeid skal få eit tilbod ved dei ulike formene for arbeidstiltak.

Etablering av verna industri i heile landet

Staten sette ned ein komité i 23. juni 1967 for å greia ut om verna sysselsetjing i heile landet. Torp-komiteen sin definisjon av "spesielle tiltak for verna arbeid" var fylgjande: ”Tiltak som tek sikte på yrkesretta attføring under tilnærma ordinære arbeidsforhold, tilvenning eller opptrening til normalt arbeidstempo, rutine og arbeidsmiljø og best mogeleg kvalitet  i arbeidsytinga, med sikte på vidareføring til den opne arbeidsmarknaden". 

Innstillinga frå Torp-komiteen vart lagt fram for kommunalministaren 30. september 1968. Og det er denne innstillinga som ligg bak den forma som verna sysselsetjing vi har i dag. Innstillinga tek for seg den økonomiske ramma for ytingar frå staten. Vidare dei driftsformene arbeidet skal drivast etter. Planen var at verna industri skulle byggast ut i heile landet, ikkje berre i dei store byane. Instillinga førte til at interessentar frå heile landet stod i kø for å få starta opp ei verna verksemd.

Initiativ i Sogn

Her var det Fylkesarbeidskontoret med fylkesarbeidssjef Olav Straume i spissen, som sende brev til Arbeidsdirektoratet for at det skulle bli ei verna verksemd i Sogn.

På grunnlag av brevet frå fylket sa Arbeidsdirektoratet seg villig til eit møte, og dette vart avvikla i Arbeidsdirektoratet den 11. november i 1971. Frå Sogn møtte Olav Straume og Guttorm Holstad frå Vik, medan G.A. Markeseth, rådgivingssentralen for verna arbeid, møtte frå Direktoratet.Konklusjonen frå møtet blei:

  1. Sogn skal få ei verna verksemd
  2. Verksemda skal organiserast som aksjeselskap med grunnkapital på minimum 100.000 kroner
  3. Før arbeidet vert sett i gang må selskapet leggja fram ein plan for produksjon som Arbeidsdirektoratet kan godkjenna
  4. Eit krav er at kommunane i Sogn og Fjordane fylke blir med i selskapet
  5. Staten kunne ikkje lova tilskot til ei verksemd før i 1974-1975
  6. Arbeidsdirektoratet ville ta kostnaden med førebuingsarbeidet ved at to personar, valt av fylkesarbeidskontoret, tok turen til Oslo for å setta seg inn i verna arbeid

Det synte seg at det var tungt å komma vidare i arbeidet. Kommunane viste lita interesse. Arbeidsdirektoratet besøkte Sogn 23. september i 1972. Direktoratet sine representantar var saman med fylkesarbeidssjefen på synfaring m.a. i Sogndal og Vik.

Den 27. oktober i 1972 valde Sogn og Fjordane fylke ein komité til å førebu reisinga av ei verna verksemd i Sogn. I nemnda sat fylkeslege Rolf Hegbom, Hermansverk, sosialsjef Mandrup Hestetun, Årdal, arbeidskonsulent Johan Bondhus, Hermansverk, og kommuneingeniør Guttorm Holstad, Vik. På eit konstituerande møte 15. januar 1973 vart Guttorm Holstad valt til formann og Johan Bondhus til sekretær. Desse to skulle reise til Oslo for å førebu  igangsettinga av selskapet. Dagane i Oslo vart brukt til å sjå på andre verna verksemder.

Nemnda hadde fleire møte, og det blei kalla inn til igangsetting av eit selskap den 7. november 1973. Det første styret fekk denne samansettinga: Guttorm Holstad, Vik, formann Øyvind Randmo, Sogndal, varaformann, Mandrup Hestetun, Årdal, Egil Selvaag, Vik, og Kristin Sønnerheim, Aurland. Sju kommunar var med på møtet, men største aksjonæren vart Sogn og Fjordane fylke.

Styret fekk ikkje midlar til disposisjon for vidare arbeid, slik at det no vart frivillig innsats. Varaformannen Øyvind Randmo tok på seg skrivearbeidet, medan formannen arbeidde med byggesaka.

Navnet på verksemda

Frå først av i planlegginga var framlegget YVI-Sogn L/L. Det var einigheit om å ha eitt namn som hadde tilknyting til Sogn, og framlegget var Sogn Produkter, avkorta til Sopro A/S. Arbeidsdirektoratet ville ikkje godkjenna dette namnet, og seinare vart det vedteke at Sogneprodukter A/S skulle verksemda heita. I daglegtalen vart likevel Sopro brukt.

Stadvalg

Innstillinga frå den såkalla Fredriksen-komiteen, avlevert i september 1968, la opp til dei rutinar som skulle følgjast ved val av stad for verna verksemder.

  1. Det overordna geografiske området skulle utpeikast av Kommunal- og Arbeidsdepartementet.
  2. Plasseringa av verksemda innan område skulle avgjerast av fylket si arbeids- og tiltaksnemnd.

Etter fleire synfaringar av folk frå Fylkesarbeidskontoret og Arbeidsdirektoratet kom saka opp i arbeids- og tiltaksnemnda i Sogn og Fjordane 27. oktober 1972. Vedtaket om plassering av verna verksemd i Sogn lyder såleis:"Moderbedrften vil da bli etablert i Vik, og så snart forholdene ligger til rette for det vil en søke å etablere filialer av denne, i første omgang fortrinnsvis på Kaupangerskogen".

I brev av 12. desember same året vart vedtaket godkjent av Arbeidsdirektoratet.Krava til tomta og krava til vertskommunen var sett opp av Arbeidsdirektoratet:Kommunen si oppgåve er:

  1. Skaffa passeleg tomt på en ca. 5 mål og som ligg sentralt til.
  2. Kommunen skal sørge for tilrettelegging av vei, vann og kloakk. En går ut fra gratis tilrettelegging for bedriften.

Vik kommune hadde to tomter som var aktuelle, begge innan industriområdet for Vik kommune. Styret saman med Fylkesarbeidskontoret valde å gå inn på ein leigeavtale med Gunstein Skagen for ei tomt på ca. 5 mål på Sæbø i Vik. Leigeavtalen tok til å gjelde frå 1. januar 1974. Sogneprodukter hadde fått ordna med tomt. No stod det att å få reist bygget.

sogneprodukt Produktutvikling.jpg

Produktutvikling

Så kom spørsmålet kva ei verna verksemd i Sogn burde produsera. Skulle det satsast på eitt eller fleire produkt.  Ved val av produkt måtte det og bli teke omsyn til yrkeshemminga hjå dei tilsette, arbeidsoppgåvene skulle tilpassast yrkeshemminga.

Frå Arbeidsdirektoratet var vilkåret at det måtte bli eit eigna produkt, som ville gi lønnsam produksjon. Dette skulle avklarast før ein kunne få tilskot til bygginga. Styret var oppteke av dette med produkt.  Direktoratet tok på seg kostnaden med ei marknadsundersøking som Statens Teknologiske Institutt skulle ta seg av.

Rådet styret fekk var å gå i samarbeid med eit salsfirma som alt var i marknaden og satse på mekanisk produksjon. 7. November 1974 vart det underteikna ein avtale med eit Oslo-firmaet om produksjon av kloakkreinseanlegg. Lova krov no at avlaupsvatn skulle reinsast og dette var eit produkt i tida og kommunar var aktuelle kundar. Ein såg fort at det var behov for fleksibilitet og omstilling i produksjonen og fleire marknadsområde.  Snart var ein også i gang med mellom anna produksjon av strekkmetallrister til sau- og geitefjøs, ferdige innreiingar til storfefjøs til landbruksmarknaden.