Meistring-Utvikling-Jobb er Sogneprodukt sitt kjennemerke
…..og det syner resultata for 2017 er tilfelle!
Sogneprodukt legg bak seg eit 2017 der svært mange av dei vi har jobba saman med har lukkast.
Av dei 29 personane vi har hatt på Arbeidsførebuande trening og Kvalifisering i arbeidsmarknadsbedrift har 23 personar fått seg jobb og 2 har starta på utdanningsløp.
Dvs. 86 % av dei vi jobba saman med på desse tiltaka fekk seg jobb eller har starta utdanning.
“86% er over det vanlege og langt over krav NAV stiller til oss. Bak kvar av desse suksessane ligg timar med systematisk og målretta arbeid frå fleire involverte.”
Sogneprodukt sitt samfunnsoppdrag er å få folk i jobb. Ein føresetnad for å lukkast med arbeidet vårt er å ha eit godt samarbeid med NAV og bedriftene i Sogn. Det er difor vår visjon er:
«Saman om folk til jobb»