Vakre Walaker no med ein smak av rosa
Turistsesongen er i gang i Solvorn. På Walaker Hotell er stolane i salongane dei same, men likevel i ny drakt.
Noregs eldste hotell, som framleis er i drift, er moderne i tankegangen. Dei set ombruk høgt, og i samarbeid med Sogneprodukt har dei italienske salongstolane fått mykje omsut i vinter.
Stoffet i stolane var tidlegare trekte med grøne og kvite striper. Dei siste månadane har møbelavdelinga vår i Balestrand trekt dei om. Same stolar, men altså med nytt rosa trekk som passar perfekt inn i hotellmiljøet.
Skryt frå hotellsjefen
- Fadi, og gjengen her i Balestrand har gjort eit framifrå arbeid for Walaker Hotell, i mange år. No, med å gjere stolar i restauranten vår endå finare, seier Ole- Henrik Nitter Walaker, hotelldirektøren, som er niande generasjon i denne stillinga i hotellet frå 1640.
Samarbeid
Me i Sogneprodukt er svært glade for samarbeidet, og ønskjer Walaker Hotell til lukke med sommarsesongen.
PÅ PLASS: Fadi Sankari og resten av møbelavdelinga i Balestrand har gjort salongstolane til Walaker Hotell klare for sesongen.
STIL: Stolane på plass i ein av mange salongar i Solvorn.
PERLE: Turistsesongen bankar på døri, og Walaker Hotell er godt skodde for ei travel tid framover.