Hundre sogningar tilbake i jobb: - Tett samarbeid er nøkkelen
KOMPETANSE: Kristine, Elin, Siri, Marit, Mary Ann, Gjøril og Jan Helge her hjå oss jobbar med å få sogningar tilbake i jobb. (Foto: Per Henning Olsen)
- Me er stolte av den jobben våre tilsette gjer kvar dag i tett samarbeid med NAV, lokalt næringsliv og personane dette gjeld.
Det seier Kristine Loftesnes Feigum, som er avdelingsleiar ved Jobbkompetanse i Sogneprodukt.
I 2017 starta NAV opp eit nytt arbeidsmarknadstiltak, Arbeidsførebuande trening(AFT), der me har levert tenesta. No i vår nådde me ein milepæle: Sogning nummer 100 vart formidla til arbeid frå dette tiltaket.
Arbeidskvardag med meining
Eit tett samarbeid mellom oss, NAV, lokale aktørar i næringslivet og ikkje minst dei som har vore med på tiltaket, har gjort at me saman har lukkast med å gje mange ein meiningsfull arbeidskvardag.
- Dei tilsette har god grunn til å vere stolte av arbeidet sitt, der individet alltid er i fokus, seier Kristine Loftesnes Feigum, og får støtte av jobbkonsulent Elin Hovland-Johansen:
- Det å få vere med som støttespelar på reisa - frå å stå utanfor arbeidslivet til å kome attende i jobb - er svært gjevande.
Gode ringverknader
Ragnhild Fjærestad, dagleg leiar i Sogneprodukt, fortel at tiltaket med Arbeidsførebuande trening slår positivt ut på fleire måtar.
- Største vinsten er for dei som får ein jobb å gå til og får bli ein del av eit arbeidsmiljø, men også for samfunnet er det ein stor vinst når ein person går frå å vere trygdemottakar til skattebetalar.
Rapport frå samfunnsøkonomisk analyse viser at dersom 100 personar kjem seg tilbake i 50 prosent jobb vil dette etter fem år utgjere ein samfunnsøkonomisk vinst på over hundre millioner kroner.