Sogneprodukt - fusjon
Slagkraftig arbeids- og inkluderingsbedrift i Sogn
Sogneprodukt as, Vik Asvo as og Balestrand Industrier as fusjonerer
Dei tre bedriftene har ei tid jobba saman for å sjå på felles moglegheiter. Sist veke gjekk
styra inn for fusjon, og i dag har dei tre generalforsamlingar gjort det same.
Målet for fusjonen er å bli ei endå meir slagkraftig arbeids- og inkluderingsbedrift i Sogn til
beste for brukarane og eigarane. Fellesskapet gir mogelegheit for auka satsing på kvalitet,
kompetanse og vidareutvikling av produkt og tenester. Rammevilkåra er i endring og
eigarane møter endringane offansivt ved å gå inn i eit felleskap.
Dei tre bedriftene skal «jobba seg saman» utover året medan fusjonen vert formelt
gjeldande frå 1. januar 2017. Fusjonen skal godkjennast av myndigheitene, og det vil ta om
lag seks veker.
Bedriftene er arbeidsmarknadsbedrifter som har utbytteforbod. Eigarane får avkastning ved
at det vert tilrettelagt for personar som har problem med å skaffe seg arbeid og dermed
reduksjon av sosiale kostnader og auka livskvalitet for dei det gjeld.
Spørsmål om fusjonen kan rettast til styreleiarane i dei tre bedriftene:
Sogneprodukt as
Stig Roar Hovland tlf. 979 78 446
Vik Asvo as
Frode Valsvik tlf. 902 70 664
Balestrand Industrier as
Kai Lille-Homb tlf. 415 30 930