Satsa på ombruk framfor å kjøpe nytt
Bystøl AS og Arkitektfirma Jon Vikøren AS hadde to val, kjøpa nye stolar til lunsjrommet eller satsa vidare på stolane dei hadde.
Dei valde det siste. Altså ombruk i praksis.
Mange års levetid
10 stolar, der både spenst i putene og slitemerke etter mange års bruk var tydelege, vart frakta over fjorden til Møbel-avdelinga her hjå oss på Sogneprodukt i Balestrand.
Etter nokon rundar med pussing, nytt ullstoff, lakk og omsut, står no stolane fram i same drakt som då dei vart kjøpte i si tid. Dei toler no mange år til med bruk i kontorlandskapet på Øyri i Vik.
- Me er godt nøgde med resultatet, seier Hilde Espeland, adm.- og økonomileiar i Bystøl AS.
Slik vart stolane etter at Fadi og co. var ferdige med jobben.
Slik var stolane før dei vart trekte om.